Lokalnytt

Brannsikring av Omsorgssenteret over nyttår

I januar 2015 startar arbeidet med å montere brannsikring i Sunnylven omsorgssenter.
I januar 2015 startar arbeidet med å montere brannsikring i Sunnylven omsorgssenter.

Måndag slutta Stranda formannskap seg til innstillinga frå Miljø og kommunalteknikk om brannsikring av Sunnylven omsorgssenter.


Tilrådinga frå Miljø og kommunalteknikk var i fire punkt;
1. Stranda kommune godkjenner tilbodet frå Fjordpipe AS for brannsikringsarbeid for Sunnylven omsorgsbustad.
2. Flo Brannsikring vert vald til byggeleiing etter tilbod basert på timepris.
3. Flo Brannsikring vert hovedansvarleg for branntetting.
4. Stranda kommune vedtek ein brutto kostnad på prosjektet avrunda til 7.660.000,- kroner.

I totalsummen ligg også andre kostnader enn utstyr og arbeid til brannsikring, eit beløp til uforutsette ting på 763.000.-, byggeleiing og branntetting 275.000.-, ny vassleidning til omsorgssenteret 562.000.-, nedvask, dokumentasjon og diverse 414.000.-, og anna uforutsett, mellom det utskifting av 20 dører, 300.000.-.

Ferdig til våren
Ordførar Jan Ove Tryggestad seier at vedtaket i formannskapet måndag 8. desember var i tråd med innstillinga frå MKT. Oppstart av arbeidet blir i slutten av januar 2015 og ein håper å bli ferdig i løpet av vinteren/våren. Det kan ta litt tid då ein vil prøve å begrense støyen av hensyn til bebuarane, seier ordføraren.

Under arbeidet vil bebuarane vere på romma sine så langt som råd, eller flytte til ledige rom i 1. høgda. Det blir mindre betongboring enn fyrst rekna med, heiter det i saksdokumenta.

Stranda kommune håper på tilskot frå Statens Husbank, minimum 30 % av kostnadane til utstyr for brannsikringa. Resten blir finansiert med låneopptak.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380