Lokalnytt

Dans med Kjetil Grodås

Kjetil Grodå spelar til dans på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag.
Kjetil Grodå spelar til dans på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag.

Kjetil Grodås frå Hornindal spelar til romjulsdans på Sunnylven samfunnshus søndag.

Kjetil Grodås, stemningsskapar for danseglade, er tilbake på Hellesylt fjerde juledag. Då riggar han sitt raude piano og anna utstyr for å spela til underhaldning og dans på Sunnylven samfunnshus.

Det svingar alltid i lokala som enterteinaren frå Hornindal inntek. Også denne gongen blir det mykje variert musikk, seier han. Kanskje blir også nokre Elton John-låtar med på repertoaret, eit varemerke på den dyktige musikaren i mange år. Og det er lov å synge med, seier Kjetil Grodås.

Bli med på HUL sin romjulsdans på Sunnylven samfunnshus etter teaterframsyninga fjerde juledag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380