Lokalnytt

Ellevill romanse med HUL-teatret

Teater 1

I Ørsta sat Sigrid, i Volda Barbara, begge ukjente for kvarandre, men begge venta på drosjesjåfør Steinar.

Slik starta den elleville komedia med HUL-teatret fjerde juledag.

Gjennom to akter og halvanna time fekk publikum i Sunnylven samfunnshus vere med på live til drosjesjåføren Steinar Larsen og det hemmelege elskovlivet han dreiv med to damer. Ei farse full av forviklingar, bortforklaringar og avhøyr. Det vart nesten vanskeleg å få med alle poeng, men desto større prestasjon av aktørane på scena som framførte «Kona eller livet».

Den elleville farsen er sett på trykk av forfatter Roy Cooney, oversett til norsk av Nils Vogt. Drosjesjåfør Steinar Larsen hadde sin koda køyreplan. Eksempelvis tyda KMB kos med Barbara. Det var berre ni minutt mellom damene sine bustader i Ørsta og Volda så det var fort gjort å forflytte seg for eit kosebesøk. Alt gjekk bra heilt til beilaren kom i klammeri og hamna på sjukehus, då kom både pressa og politi på besøk.

HUL-gjengen kom godt frå premiera fjerde juledag, ei morosam forestilling som av oss får terningkast fem. HUL-teatret består fortsatt av amatørar som brukar mykja av si fritid for å skape moro for andre,

Dei sju rollene i spelet var fylt med både tidlegare scenevante og av ein debutant. Markus Forbord som Børre Skylstadvoll var drivande god, både i mimikk og forflytningar. Han må vere klar for nye roller på HUL-scena.

Også dei andre bidrog til at applausen til slutt nesten ikkje ville ta slutt. Rolla som drosjesjåfør Steinar Larsen tok Per Ove Frøysa seg av, og dei to elskarinnene Sigrid Larsen og Barbara Larsen vart spela med både kjærleik og raseri av Kristin Storstein og Marianne Fivelstad. I rolla som overbetjent Stensby frå Ørsta lensmannskontor vart spela av Ole Hjalmar Bonsaksen og lensmann Grøttum frå Volda av Per Kjell Leite. I rolla som nabokona Randi Skullerud møtte publikum Bente Bonsaksen.

Skodespelar Morten Rudå frå Oslo har hjelpt HUL-gjengen med innstuderinga, eit oppdrag han vart både stol og glad av å få, skreiv han i kommentar i programmet. I tillegg hadde fleire gjort viktige jobbar bak scena, som sminke ved Wenche Ringdal og Ann Kristin Wollsæter, kulisse John Langeland, lyd/lys Ole Aasen, medarbeidar Inghild Storstein og sufflør Knut Dag Langeland.

I alt 225 personar såg premiera på Sunnylven samfunnshus. I januar blir det ny framsyning same stad og i Storfjord Kulturhus på Stranda.

Damene til drosjesjåføren, Sigrid til høgre, og Barbara
Damene til drosjesjåføren, Sigrid til høgre, og Barbara

 

Teater 3

Frå venstre nabokona Randi, overbetjent Stensby, Steinar Larsen og Børre Skylstadvoll.
Frå venstre nabokona Randi, overbetjent Stensby, Steinar Larsen og Børre Skylstadvoll.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380