Lokalnytt

Førjulsfest med mellomsteget

 

Elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule hadde lagt mykje arbeid i førjulsfesten tysdag. Mange besteforeldre kom og kosa seg storleg.

Det mangla ikkje på verken mat eller underhaldning når dei 23 elevane ved mellomsteget inviterte til fest i storsalen ved skulen tysdag.
Her fekk besteforeldra møte kvikke og blide servitørar og underhaldarar. Det vart eit par timar som alle gjekk nøgde heim frå.

Førjulsfesten starta med dramatisering av forteljingar av Torbjørn Egner. Historiene om livet i «Hakkebakkeskogen», «Karius og Baktus», og «I Kardemommeby» viste at HUL-teatret vil få god rekruttering om nokre år.

Ved Sunnylven skule står det å spele i band høgt på ynskjelista. Det var både talrike besetningar med variert instrumentering, tangentinstrument, gitar og slagverk som entra scena og spela og song under instruksjon frå Gunnar Inge Eide frå Kulturskulen.
Fyrst ut var 5. og 6. klassesteg og vi let oss imponere av det vi fekk høyre.
Etterpå kom 7. klasse med solistar i to songar, «X-mas» av John Lennon, og Carola sin vakre «Himlen i min favn».

Alt kring førjulsfesten hadde elevane gjort sjølve, frå planlegging, gjennomføring og leiing,
Også bevertninga med smørbrød, julekaker kaffi og saft hadde dei ordna, kunne lærar Kari Hauso Stadheim fortelje.
-Vi vaksne har halde oss i bakgrunnen og det var også meininga, sa ho.

Då er det tre år til neste førjulsfest med mellomsteget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380