Førskulens juletre

Eit juletre kan vere så mangt, også laga av nokre kaserte plankebitar frå ei byggtomt.
Dei ti førskuleborna i Trollhola Barnehage på Hellesylt, fem gutar og fem jenter laga peparkakefigurar og pynta dei så flott. Det var både kreativitet og innleving under arbeidsstundene, fortalde barnehagetilsett Åse Støverstein.
Så flotte vart figurane at dei ønska å vise dei fram.
Under «Vinterdagar på Hellesylt» fyrste helg i adventfekk publikum sjå det sjeldne juletreet og den flotte pynten utstilt på scena i samfunnshuset.
På det kvitmåla planketreet hang pynten tett i tett og fekk nok mange beundrarar.