Fotballgruppa inviterer på pizza

Steinar Hjelle t.v. og Ramazan Øcal under pizza-kveld i 2012 for gode medhjelparar til fotballgruppa.

Steinar Hjelle t.v. og Ramazan Øcal under pizza-kveld i 2012 for gode medhjelparar til fotballgruppa.

Onsdag 10. desember inviterer fotballgruppa i Sunnylven IL gode medhjelparar til pizzakveld på Øcal kafe.

Fotballgruppa ønskjer å takke trenarar, oppmenn, kioskgruppe, banenemd og andre støttespelarar for innsatsen gjennom sesongen 2014, seier leiar Leif Rune Tryggestad.
Difor inviterer fotballgruppa til hyggeleg samvær på Øcal og spanderer pizza og brus på alle som kjem.
Til måndag 1. desember hadde Tryggestad fått påmelding frå 12 – 13 personar, men han håper fleire kjem.
For å berekne serveringa ønskjer han å få tilbakemelding, og helst før laurdag 6. desember.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380