16. april 2026

Fotoutstilling i Verkstaden

Rust-utstilling

I romjula har Rust Foto vinterutstilling i Verkstaden, Hellesylt. (Sjå aktivitetskalendar)

Under Sommardagar på Hellesylt hadde fotograf Eivind Louis Helset fotoutstilling i Verkstaden, lokala for ungdomsklubb på Hellesylt, bak Joker.

Det vart mange gode tilbakemeldingar som har resultert i eit enkelmannsforetak som har fått namnet Rust Foto.

–Eg likar å fotografere gamle, gjerne litt rusta ting, det har ei historie å fortelje så difor namnet, seier Eivind Helset.

Laurdag og søndag kjem han med ei ny fotoutstilling, denne gongen ei samling på 12 bilete med berre vintermotiv. Eg gjer det mest for å skape litt aktivitet, men det blir høve til også å kjøpe bilete og det blir servering av kaffi og kaker, seier Eivind Louis Helset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →