HUL-teatret i rute
HUL-teatret er i rute med ei ny ellevill komedie fjerde juledag. Førehandssal av billettar er laurdag 27. desember.
«Kona eller livet» heiter HUL-teatret si romjulskomedie på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag. Då er sju drevne sceneaktørar klare til å presentere Roy Cooney si elleville historie med forviklingar og mykje greinalaust mellom damer og menn.
HUL-gjengen er ordknapp om handlinga, men etter kvart har vi forstått at det dreiar seg om ein kar som ikkje er nøgd med berre å ha kona han er gift med. Sjarmøren lever det gode liv, men frykta for å bli avslørt er stressande!
På rollelista i år finn vi Bente Bonsaksen, Marianne Fivelstad, Kristin Storstein, Ole Hjalmar Bonsaksen, Markus Tryggestad Forbord, Per Ove Frøysa og Per Kjell Leite.
Billettsal laurdag
Skodespelar og teaterpedagog Morten Rudå frå Oslo var ei langhelg på Hellesylt for å gje gode råd, og i tillegg har Anne Marie Sømoen Frøysa og Inghild Storstein hjelpt med innstuderinga av stykket.
-Vi er så klare som vi brukar å vere to dagar før premieren, seier sufflør Anne Marie Sømoen Frøysa. Ho minner om at førehandssalet av billettar er i vestibylen på Sunnylven samfunnshus laurdag 27. desember kl. 12.00 – 14.00. Restbillettar kan kjøpast ved inngangen. Ho opplyser også at HUL-teatret viser «Kona eller livet» også i løpet av januar på Sunnylven samfunnshus og i Storfjord Kulturhus.