13. juli 2026

Juleavslutning ved Sunnylven skule

 

10. klasse hadde eit fartsfylt show under skuleavslutninga
10. klasse hadde eit fartsfylt show under skuleavslutninga

 Torsdag kveld var det tid for juleavslutning ved Sunnylven skule. Ei triveleg kveldsstund med mange frammøtte.

Elevar og lærarar ved Sunnylven skule inviterte til juleavslutning torsdag kveld.  Opplegget var tradisjonelt med gode programinnslag av elevane, song og gong kring juletreet og servering til slutt.

Sunnylven skulekorps opna programmet med «Sonjas song til julestjerna», fullklaff for dei unge musikantane som denne gongen også hadde med tre aspirantar i det eine av to nummer.

Deretter var det fyrste og andre klasse sin tur med framføring av juleevangeliet og med song inn i mellom. Mellomsteget kom med bandmusikk der elevane trakterte både tangentinstrument, gitar, bass og slagverk i fleire kjende melodiar som Carola sin «Himlen i min famn».

Til slutt fekk publikum møte 10. klasse i eit kvikt og variert show, samansett av både sketsjar, gode historier og songinnslag.

Med i klassequis`en

Rektor Torje Bjørneset leia programmet under juleavslutninga. Han fortalde frå aktiviteten og og det elevane har vore med på i haust. Ikkje berre pugging og undervisning inne på klasseroma, dei hadde også brukt det store klasseromet ute og vore på tur til fleire stader.

Over nyttår startar Klasse-quis`en på P1, kunnskapskonkurransen for skuleelevar. Her skal 10.klasse ved Sunnylven skule delta i år, opplyste rektor Bjørneset.

Juleavslutninga ved Sunnylven skule vart avslutta med song og gong kring juletreet før FAU serverte risgraut til alle frammøtte.

Mellomsteget bidrog med musikk og song. Her syng Kristine Hjellbakk Hole "Himlen i min famn".
Mellomsteget bidrog med musikk og song. Her syng Kristine Hjellbakk Hole «Himlen i min famn».
1. og 2. klasse fortalde juleevangeliet
1. og 2. klasse fortalde juleevangeliet

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →