Julekonsert i Sunnylven kyrkje

Jul-11-72

Atter ein gong bidrog lokale song og musikkrefter til ein fantastisk julekonsert i Sunnylven kyrkje for nær fullsette benkerader.

Alle som tok turen til julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag kveld fekk høyre at bygda stadig fostrar nye, dyktige aktørar. Leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad sa det som mange kan slutte seg til;

-Det var ein fantastisk flott julekonsert. Eg er imponert over at ei så lita bygd kan få fram så mange dyktige aktørar. Takk også til dei mange leiarane, utan dei hadde ikkje resultatet blitt det vi har hørt i kveld, sa Tryggestad og delte ut blomar på vegne av arrangøren Sunnylven sokneråd.

Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg opna julekonserten søndag kveld. Det var alltid eit høgdepunkt å halde julekonsert i Sunnylven kyrkje, alltid mykje folk og ei flott kyrkje å spele i, sa Berg.

Sjølv bør han vere stolt av sine elevar i korpsrekkene som let kjende og kjære melodiar som «Sonjas sang til julestjernen» og «Himlen i min famn» tone ut i kyrkjeromet. Sunnylven skulekorps avslutta med «Hark» av F. Mendelssohn Bartholdy frå 1840.

Mange høyrde kan hende Anneli Dreker under artistgalla på TV 2 laurdag kveld synge «Lang desember natt». Søndag fekk dei frammøtte i kyrkja høyre lokale songartistar synge den flotte songen som Øyvind Elgenes i Dance with a Stranger lanserte for nokre år tilbake. Vi fekk oppleve mange høgdepunkt på årets julekonsert. For oss var Ingelin, Oddbjørg og Kristin sin nynorske versjon av «Lang desember natt» eitt av dei. Musikalsk tonefølgje fekk dei av Erik Torset gitar, og Gunnar Inge Eide på tangentinstrument. På slutten framførte dei same Krüger/Dagsland sin «Vær hilset, mine frender».

Lars Kvam Karbø bidrog frå kyrkjeorgelet til julekonserten med innslag av høg musikals kvalitet. Der leika han seg på tangentane i preludium i g-moll. Det var berre å bli imponert av.

Med Gunnar Inge Eide på orgel og Trond Otto Berg på kornett vart julekonserten berika med meir høgstemt musikk, denne gongen frå Messias av G.F. Handel. Eit flott innslag stod også eldre elevar frå skulen for med to gitarar, piano, tromme og vokal av Maria Langeland.

Så var det Joyful sin tur med fire songar som starta med Prøysenvisa «Kva skal vi gjøre første dag jul» og avslutta med «Ledet av en stjerne». Det vart mykje smittande songglede frå fleire vokalistar og resten av ungdomskoret nok ein gong. Vi har brukt mange superlativ om årets julekonsert, men også Joyful er verd fleire.

Vår beste omtale får også felegruppa, leia av Synnøve Hjellbak Hole. I Felegruppa som i fleire av dei andre innslaga stod unge musikkelevar saman med eldre som kjem heim for å ta del denne kvelden. Vi trur det er sylvstokken som «musikkhuset» må byggjast på også i framtida. Julekonserten vart avslutta med allsong i «Deilig er jorden». Ein ny, flott førjulskonsert var til endes, ein kulturdugnad frå unge og eldre og dyktige leiarar som bygda bør vere stolt av.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380