Lokalnytt

Julelaug i snøbyger

Tre tøffe jenter som stilte på Solsnubading søndag
Tre tøffe jenter som stilte på Solsnubading søndag

Hellesylt Ungdomslag inviterte til solsnubading i sjøen på badestranda på Hellesylt søndag kveld. Mange tok julelauget med snøen fallande frå himmelen.

Badetemperaturen i sjøen på badestranda viste 10.6 pluss klokka 17.00 søndag kveld. Ikkje svært fristande med ein dukkert for dei aller fleste i slik sjøtemperatur. Om det var namnet sol i invitasjonen frå HUL som lokka fleire i badetøyet veit ikkje vi, men 14 personar frå ni år til rundt sytti viste tøffheit og hoppa i sjøen til eit julelaug. Ein forfriskande, men også høyrbar dukkert frå fleire.

Nokre av dei som kom på Solsnubading søndag har halde på med bading i sjøen på badestranda på Hellesylt i heile haust. Den kalde dukkerten skal vere godt for helsa på fleire måtar har vi blitt oss fortalt.

Hellesylt Ungdomslag hadde rigga med varm lavvo på badestranda søndag kveld. Også ei bålpanne varma godt og arrangøren hadde både gløgg, saft og pølse med brød å by på. Eit nytt og flott tiltak frå Hellesylt Ungdomslag.

Snøbyger og sjøtemperatur på 10.6, men likevel hoppa fleire i sjøen for ein dukkert.
Snøbyger og sjøtemperatur på 10.6, men likevel hoppa fleire i sjøen for ein dukkert.
Desse damene har dukka i sjøen regelmessig i heile haust. Frå venstre Angelika Fivelstad, Iris Fivelstad, Astrid R. Ringdal, Sissel Sæten, Kari Hauso Stadheim.
Desse damene har dukka i sjøen regelmessig i heile haust. Frå venstre Angelika Fivelstad, Iris Fivelstad, Astrid R. Ringdal, Sissel Sæten, Kari Hauso Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380