Juleverkstad ved Sunnylven skule

  • doc_4512_2
  • doc_4512_13
  • doc_4512_14
  • doc_4512_15
  • doc_4512_16

 

 

Torsdag fekk elevane ved Sunnylven skule leve ut kreativ fantasi og motorikk. Det var juleverkstad ved skulen.

Juleverkstad er ein av dei trivelege dagar på Sunnylven skule, det kan vi hevde etter å ha fått gå frå klasserom til klasserom i skulen torsdag.
Over alt var det born og vaksne hjelparar, mellom dei både foreldre og besteforeldre i arbeid der flotte juleinspirerte ting fekk si utforming.

Med litt fantasi kan mykje lagast av rimelege råvarer, som nissane av ein rund vedkubbe, litt skråskjering, måling og påknytt raude silkeband.
Eller tarakottakrukkene måla i skarpe fargar og dekorert etterpå, eit julelys laga frå grunnen av med dypping i smelta stearin, eller eit hjarte av peparkakedeig, baka og dekorert på skulekjøkkenet.

Vi fekk med oss litt av det som skjedde på «den lange, men kjekke dagen» ved Sunnylven skule.
Det vart mykje flott julepynt som mange sikkert kunne ha tenkt seg å eige.
Kanskje blir nokre mellom dei heldige når pakkane under juletreet skal opnast.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380