Kan bli utan herrelag

 

I 2012 feira Sunnylven KM-tittelen i 6. divisjon. For neste sesong slit klubben med å stille lag.

I 2012 feira Sunnylven KM-tittelen i 6. divisjon. For neste sesong slit klubben med å stille lag.

Sunnylven IL har flotte anlegg for fotball, men manglar spelarar til eit herrelag neste sesong. Avgjerda om å stille lag eller ikkje må takast før 25. januar.

Vi står over for ei stor utfordring når det gjeld å stille eit herrelag neste sesong. Vi har rett og slett for lite spelarar, seier leiar i Sunnylven Fotball, Leif Rune Tryggestad.

Dei to siste sesongane har klubben sitt herrelag blitt «redda» ved at det er blitt stilt eit samarbeidslag med Stranda, men det blir det neppe i år. I møte med naboklubben kom det fram at Stranda ikkje har nok spelarar på herresida til å halde fram samarbeidet med Sunnylven, seier Tryggestad.

-Vi har jobba ut frå fire alternativ;

*Sunnylven stiller 11-ar lag i 6. divisjon i 2015, men då treng vi fleire spelarar.

*Stille eit 7-ar lag, men også då er det knapt med mannskap.

*Danne ei treningsgrupe for herrer som ikkje blir påmeldt i serie, men finn turneringar/cupar ein kan delta i.

*Ikkje noko opplegg for herrespelarar i 2015.

Det siste er mest realistisk slik det ser ut no, seier Leif Rune Tryggestad. Fotballkretsen har sett frist for påmelding av lag frå 12 år og oppover til 25. januar, så det hastar slår fotballeiaren fast.

Når det gjeld damelag ser det betre ut, men er sjølvsagt avhengig av at samarbeidet med Stranda held fram. Det trur Leif Rune Tryggestad vil gå i orden. Det skal haldast nytt møte mellom dei to klubbane like over nyttår.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380