Klargjer aggregat ved Omsorgssenteret

Bak Sunnylven omsorgssenter står trafokiosken og det kvite lagerbygget som husar dieselaggregatet.

Bak Sunnylven omsorgssenter står trafokiosken og det kvite lagerbygget som husar dieselaggregatet.

Straumaggregatet ved Sunnylven omsorgssenter er snart klar til drift. Om ei veke blir det prøvekøyrt.

Det var etter nyttårsorkanen for snart tre år sidan at Stranda kommune vedtok å gå til innkjøp av aggregat til Sunnylven omsorgssenter.
Monteringa har drege ut i tid, mellom anna på grunn av deler som måtte skaffast frå Tyskland, men i desse dagar blir det ferdig rigga.
Fredag 19. desember er det oppstart for testing. Om alt fungerer må vel det vere ei fin og nyttig julegåve frå kommunen.

Aggregatet er plassert i eit lagerbygg og nær trafokiosken som forsyner Sunnylven omsorgssenter med straum. Det er lagt kablar frå trafokiosken til aggregatet og frå det tilbake til omsorgssenteret.
Per Ottar Alme i EL24 fortel at dieselaggregatet er på 250 kwa, om lag det som heimen brukar i toppforbruk. Til vanleg er forbruket lavare. Det skal skaffe ei avbruddsfri straumforsyning då det startar automatisk om nettet dett ut. Det kan også køyrast manuelt for testing, seier Alme.

Aggregatet ved Sunnylven Omsorgssenter er det fjerde store dieselaggregatet i Stranda kommune. Tidlegare er det rigga aggregat ved Stranda sjukestove, ved Åknes Tafjord og ved Union Hotell i Geiranger.

Det er EL24 Stranda, avd. Hellesylt som har utført monteringsarbeidet av straumaggregatet ved Sunnylven omsorgssenter..

Frank Engeset t.h., Sven Roger Alme og Per Ottar Alme, alle frå EL 24 har utført monteringsarbeidet av det avbruddsfrie aggregatet.

Frank Engeset t.h., Sven Roger Alme og Per Ottar Alme, alle frå EL 24 har utført monteringsarbeidet av det avbruddsfrie aggregatet.

Per Ottar Alme ved dieselmotoren i aggregatet.

Per Ottar Alme ved dieselmotoren i aggregatet.

Styringsskapet syter for avbruddsfri straumforsyning.

Styringsskapet syter for avbruddsfri straumforsyning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380