Komiteen for Sommardagane på plass

Sunnylvingane er i gong med å planlegge neste års Sommardagar på Hellesylt 3. til 5. juli. Måndag vart komiteen valt.
Mykje positivt kom fram på evalueringsmøtet som komiteen for Sommardagar på Hellesylt kalla inn til måndag kveld.
Rundt 30 personar frå lag, organisasjonar og bedrifter møtte. Dei slo fast at ein ønskjer å halde fram med å arrangere folkefesten Sommardagar på Hellesylt om lag etter same lest som tidlegare.
Møtelyden kunne sjå tilbake på eit suksessrikt arrangement i juli i år, ein ny folkefest som både var svært godt besøkt og kom i mål økonomisk.
Om lag 30.000.- kroner vart overskotet sa Svein Sporstøl i arrangementskomiteen.
På møtet vart komiteen for neste års Sommardagar på Hellesylt valt. Dei fleste held fram, men eit par nye personar kom til.
Komiteen for Sommardagar på Hellesylt 2015 er:
Svein Spostøl, Marianne Fivelstad, Erik Torset, Eivind Louis Helset, Ann Kristin Langeland (ny), Per Ove Frøysa (ny), Anne Marie Hauge Ljøen.
Ellinor Fivelstad gjekk ut grunna skulegang komande år. Gruppa vel leiar sjølve.