Konsesjonslova sak i formannskapet

Landbruk- og matdepartementet vil oppheve lova om erverv av fast eigedom. (Illustrasjonsfoto)

Landbruk- og matdepartementet vil oppheve lova om erverv av fast eigedom. (Illustrasjonsfoto)

Landbruks- og matdepartementet har sendt ut eit høyringsbrev der det blir gjort framlegg om å oppheve bestemmelsane om «priskontroll» i konsesjonslova.


I brevet frå Landbruks- og matdepartementet blir det peika på fleire sider ved dagens bestemmelsar som departementet ser som uheldige.

Avtalt pris kan ikkje avgjere om det skal gjevast konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom, priskontroll kan dempe investeringslysta hos eigar og det kan svekke eigars lyst til å selje.
Endringar vil forenkle regelverket og frigi ressursar i kommune og fylke, heiter det i skrivet frå Landbruks- og matdepartementet.

Under bondekafeen til Sunnylven bondelag fredag kveld vart denne saka så vidt nemt. Den kjem opp som sak i formannskapsmøte i Stranda måndag 8. desember.
Der legg sakshandsamar, næringssjef Inge Bjørdal fram ei utfyllande saksutgreiing og skriv mellom anna;

-Departementet gjer framlegg å oppheve lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova) og i tillegg å oppheve einskilde reglar i lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsrett og åseterett (odelslova) som omhandlar buplikt.
Forslaget inneber at erverv av fast eigedom ikkje lenger vil vere avhengig av løyve (konsesjon) frå det offentlege.
Forslaget inneber vidare at det ikkje vil vere buplikt ved erverv av landbrukseigedom, og at det heller ikkje kan fastsetjast forskrifter om nedsett konsesjonsgrense (såkalla nullgrense) i kommunane.
I tillegg inneber forslaget at det ved handsaming av konsesjonssaker ikkje kan leggjast vekt på om den avtalte prisen tilgodeser ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling på landbrukseigedomar, dvs. oppheving av priskontroll, skriv næringssjefen i saksutgreiinga.

Saka blir lagt fram for formannskapet til uttale måndag der rådmannen rår sterk ifrå å oppheve lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380