Lokalnytt

Konsesjonssøknad forsinka

Sogn og Fjordane Nett håper å levere konsesjonssøknaden for den nye regionale nettlinja igjennom Langedalen i løpet av februar
Sogn og Fjordane Nett håper å levere konsesjonssøknaden for den nye regionale nettlinja igjennom Langedalen i løpet av februar

Sogn og Fjordane Nett jobbar med konsesjonssøknad for ei ny kraftlinje gjennom Langedalen. Arbeidet er litt forsinka.

 

SFE Nett (Sogn og Fjordane Energi AS) planlegg bygging av ei ny 132 kv. kraftlinja gjennom Langedalen i Sunnylven. Mykje kraftproduksjon i området og nye prosjekt under planlegging gjer at ein ny transportveg for vasskraft er naudsynt.

I løpet av 2014 hadde Sogn og Fjordane Nett informasjonsmøter med grunneigarar i området for den nye linjetraseen. No jobbar SFE Nett med konsesjonssøknaden til NVE, fortel avdelingsleiar nettforvaltning, Atle Isaksen. Selskapet er litt forsinka med arbeidet, men håper å kunne sende inn søknaden i løpet av februar neste år.

Isaksen kan ikkje seie kor lang tid det tek å behandle ferdig konsesjonssøknaden i NVE. Det kan fort bli 2016 før alt er klart for bygging, og vedtaket i NVE er det klagemulegheiter på. Ein byggestart for den nye regionalnettlinja er såleis usikker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380