Lysmesse i kyrkja

  • doc_4484_2
  • doc_4484_13
  • doc_4484_14
  • doc_4484_15

 

Søndag vart det fyrste adventslyset tent. I Sunnylven kyrkje var det lysmesse.

I den gamle, høgreiste kyrkje i Sunnylven lyste det frå mange ljos søndag. Då var det lysmesse med dåp, og deltaking frå konfirmantar og ungdomskoret Joyful. Ein stemningsfull time markerte inngangen til adventstida.

Lysmessa starta med prosesjon og deretter inntok Joyful kortrappa . Med Lars Kvam Karbø på piano og Erik Torset på gitar fekk ei godt besøkt kyrkje høyre vakker song og musikk frå unike resurskrefter i Sunnylven.
I slike stunder får ein oppleve kva Sunnylven har og som bygda ikkje må miste.

Det vart meir song med solistar frå ungdomskoret Joyful på slutten av gudstenesta. Før det hadde vesle Emil blitt døypt og konfirmantane tok del med både skriftlesing og framføring av eit tablå.

Sokneprest Stein Karstensen heldt ei kort preike og tente adventslys under gudstenesta. Songane under gudstenesta var frå den nye salmeboka med tonefølgje frå Lars Kvam Karbø på kyrkjeorgelet..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380