Mange til kyrkje julaftan

Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje var godt besøkt på julaftan.1. juledag var talet på kyrkjegåarar langt mindre.

I Sunnylven har unge og eldre, og i tillegg mange som kjem heim til jul som tradisjon å gå til familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje julaftan. Slik også i år, heile 285 personar var til stades i den høgreiste kyrkja då Sunnylven skulekorps opna med kjende og kjære «Glade jul».. Besøkstalet er av det beste på mange år.

Familiegudstenesta var fylt av vakker song og musikk, mange kjende julesongar tona ut i kyrkjerommet frå skulekorpset og frå unge, dyktige Lars Kvam Karbø på kyrkjeorgelet. I tillegg var det song av ungdomskoret Joyful, det var skriftlesing og preike med juleevangeliet.

Høgmessa fyrste juledag var langt dårlegare besøkt, rundt tiande-parten så mange som på julaftan fann vegen til kyrkja då. Som på julaftan var preika ved sokneprest Stein Karstensen, og ei songgruppe på fem tok del i salmesongen. Høgmessa vart som på julaftan avslutta med songen «Deilig er jorden».

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380