Markerte Lucia-dagen

-

Lucia-dagen vart markert torsdag ved Sunnylven skule, under matykta same dag som det var juleverkstad.


Tradisjonen tru var det elevar frå 1. og 2, klasse som toga inn i matsalen i kvite kapper, med pynt på hovudet og lys i hendene. Også kvar si korg med lussekattar hadde dei med og som dei delte ut til medelevar og lærarar.

Det vart ikkje berre stas, glitter og god bakst frå dei unge elevane, også Lucia-songen fekk vi høre nok ein gong med same tekst som alltid der det heiter;
-Svart senker natten seg i stall og stue, solen har gått sin vei, skyggene truer-.

Lucia feiringa er til minne om den sesilianske dama som døde som martyr for lenge sidan. I Norden blir det feira som Sancta-Lucia og som symbol på lyset i den mørkaste årstida.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380