Nissespeling og julekonsert i helga

Felegruppa blir ein av fleire aktørar under julekonserten søndag. (Arkiv 2013)

Felegruppa blir ein av fleire aktørar under julekonserten søndag. (Arkiv 2013)

Det skjer på Hellesylt i helga, ei «kjekke» helg med nissespeling laurdag og julekonsert søndag.

I helga blir det mykje julemusikk å høyre på Hellesylt. Det startar på laurdag med eit nisseinspirert Sunnylven skulekorps som fyrer opp stemninga med julemusikk i og utanfor Coop Marked og Joker.

Også søndag blir Sunnylven skulekorps å høyre, då under julekonserten i Sunnylven kyrkje. Dirigent er Trond Otto Berg.
Julekonserten blir av det tradisjonelle slaget seier koordinator Gunnar Inge Eide.
I tillegg til skulekorpset får publikum høyre Joyful, felegruppa med Synnøve Hjellbakk Hole, to songar med skuleband frå 7. til 10. klasse, det blir fleire songinnslag med Veronica Øksvang, Emilie Brekke, Ingelin Storstein Hole, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein som solistar, og Lars Kvam Karbø spelar preludium i G moll på kyrkjeorgelet.

Også eit par allsongar blir det plass til og med «Deilig er jorden» til slutt, seier Gunnar Inge Eide som på piano og orgel og med Erik Torset på gitar syter for musikalsk tonefølgje til songinnslaga.
Det er Sunnylven sokneråd som er arrangør av julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380