Lokalnytt

Nye bøker i Sunnylven bibliotek

-

Sunnylven bibliotek har fått inn mange nye bøker i det siste. Hyllene er fulle med godt lesestoff til jul.

Bokreolane står tett i det vesle lokalet til Sunnylven bibliotek i Kyrkjelydshuset. Styrar Marit Ljøen har registrert 4479 bøker med strekkode, men samlinga er langt større. Fleire bøker har ikkje strekkode så truleg har Sunnylven bibliotek ein stad mellom 8 – 10000 bøker, seier ho.

Og samlinga veks. I det siste er det kome mykje bøker frå Kulturfondet, barnebøker, skjønliteratur og faktabøker. Her er både spenning og krim, litt for alle aldersgrupper, seier Marit Ljøen.

Førjulstreff
Folk er stadig innom og låner bøker dei to dagane i veka biblioteket er ope, tysdag kl. 16.30 – 18.30, og torsdag kl. 09.00 – 11.00.
Ho saknar litt dei unge lesarane, så ho håper også dei kjem innom og låner seg ei god bok til jul.

Sist tysdag var det førjulstreff i Sunnylven bibliotek, det fyrste av tre før jul. Det var sal av kaffi og kaker, og dei som kom fekk teste vinnarlukka i lotteriet med rullelodd.
Mange drog heim med fanget fullt av flotte gevinstar.
Neste tysdag er det nye sjansar, også for dei som ikkje kom på fyrste treff.

Styrar ved Sunnylven bibliotek, Marit Ljøen har fått inn mange nye bøker no før jul.
Styrar ved Sunnylven bibliotek, Marit Ljøen har fått inn mange nye bøker no før jul.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380