Lokalnytt

Pensjonsordningar tema på Bondekafé

-

Sunnylven Bondelag inviterte til bondekafé sist fredag. Fleire tema vart informert om på møtet, mellom anna pensjonsordningar.

Rundt 25 medlemer møtte på Øcal kafeteria og bondekafé fredag kveld. Hovudtema på møtet var pensjonsordningar.
Banksjef Stig Tryggestad frå avdeling Hellesylt orienterte om dei mange bestemmelsane i folketrygda, AFP, tenestepensjon og privat og offentleg ordningar som pensjon er bygd opp kring.

Basisen i det heile er folketrygda og det kjem det til å bli. Slik det er i dag får ein betre pensjon til lenger ein står i jobb, sa Tryggestad.

Tal viste at det er stor skilnad i yting om ein går av ved 67 år eller fem år tidlegare. Det er omfattande å få full oversikt over korleis pensjonsordninga er bygd og korleis ytinga vil slå ut for den enkelte. Her kan Sparebanken Møre hjelpe med råd og veiledning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380