Publikum sette tydeleg pris på årets julekonserten i Sunnylven kyrkje. Ved utgangen kom det inn 5.764.- kroner i kollekt.
Beløpet blir delt mellom gruppene som tok del i julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 14. desember. Ein av dei flottaste konsertane nokon gong, er omtalen mellom mange vi har snakka med etterpå. Og kanskje det som imponert dei fleste aller mest er at ei så lita bygd har så stor variasjon og så mange dyktige aktørar innan song og musikk.
Her er nokre bilete frå den godt timelange julekonserten.