Serverte grovbrød, kakao og frukt

KJØKKENDAMENE. Frå venstre Oddny Rudi, Ester Kjellstadli, Liv Hellebostad, Ruth N. Frøysa, Anne Gausdal, Ruth Tronstad, og Sonja Lillebø Hole. Også Britt Hauge hjelpte, men kom ikkje med på bildet.

KJØKKENDAMENE. Frå venstre Oddny Rudi, Ester Kjellstadli, Liv Hellebostad, Ruth N. Frøysa, Anne Gausdal, Ruth Tronstad, og Sonja Lillebø Hole. Også Britt Hauge hjelpte, men kom ikkje med på bildet.

Medlemer frå Sunnylven sanitetslag sytte for god servering då heile Sunnylven skule hadde sin juleverkstad torsdag.


-Utan mat og drikke…, og så vidare. Mat må til også på kjekke dagar og då er det ekstra fint å bli servert.
Slik var det torsdag på Sunnylven skule, då stilte tradisjonen tru åtte medlemer frå Sunnylven sanitetslag på og diska opp med god og næringsrett servering. Det vart påsmurt grovbrød med brunost, kvitost og fårepølse.
Tomat og agurk var også sett fram for dei som likte det.
Og frå store muggar vart det servert kakao, eller kaffi til dei av lærarar og tilsette som ville ha.
Alt var spandert av Sunnylven sanitetslag, også ein mandarin til kvar.

Rektor Torje Bjørneset takka sanitetsdamene for det gode måltidet, noko elevar og tilsette slutta seg til med applaus.

Sanitetsdamene hadde dekka til 90 personar i den vesle salen i samfunnshuset. Slik har dei gjort kvart år under juleverkstaden i minst tretti år.

-Ja, det kan hende det er enno lenger, eg huskar ikkje. Vi er ikkje så opptekne av å telje tenester og år, det er berre kjekt få bidra og hjelpe, sa Anne Gausdal, ei av damene med lengst fartstid i teneste for Sunnylven sanitetslag.

Om lag 90 personar fekk seg servert lunch av Sunnylven sanitetslag torsdag.

Om lag 90 personar fekk seg servert lunch av Sunnylven sanitetslag torsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380