Lokalnytt

Stor peparkakeby

Peparkakebyen.
Peparkakebyen.

Scena på Sunnylven samfunnshus var fylt opp av over tjue perarkakebygg under tilstelningar fyrste helg i advent.

Tradisjonen tru var det utstilling av peparkakebygg under arrangementa på samfunnshuset laurdag og søndag.
Kreativiteten var stor, vi såg konstruksjonar av små hytter til store hus og driftsbygningar. Mang ein byggingeniør har vore i arbeid, for konstruksjonane var både sjeldne og smarte.

Barbro Lade tykte årets bidrag var like flotte som tidlegare år. Under avslutninga søndag kunne ho dele ut tre premiar etter loddtrekking mellom dei som hadde levert bidrag. Kvar fekk dei ein pose med diverse julegodt.

Desse vart vinnarar:
Sigrid Imilie Førde Røyrhus og Malene Røyrhus,
Konrad og Olene Lade,
Tora og Erle Rusten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380