Lokalnytt

Strikka til nyfødde.

Jordmor Beate ved fødeavdelinga i Ålesund tok mot gåva som Kari Hauso Stadheim overrekte frå Sunnylven sanitetslag.
Jordmor Beate ved fødeavdelinga i Ålesund tok mot gåva som Kari Hauso Stadheim overrekte frå Sunnylven sanitetslag.

Laurdag før jul vart ei stor kasse med strikka plagg til nyfødde og premature born levert på Ålesund sjukehus.


Sunnylven sanitetslag tok initiativet til arbeidet og etter kvart vart det mange som strikka heime til formålet. Fleire i Sunnylven har brukt strikkepinnane flittig i haust og laga både raggsokkar, huer og pledd til nyfødde og premature born.

Laurdag før jul vart ei kasse med om lag 20 huer, like mange raggsokkar og 15 pledd overlevert på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus av Kari Hauso Stadheim frå Sunnylven sanitetslag. Jordmor Beate ved avdelinga tok mot gåva og takka så mykje.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380