Lokalnytt

Strøkne forhold i Hyttehola

Strøkne forhold i skiløypene i Hyttehola. (Foto: Magne Brekke)
Strøkne forhold i skiløypene i Hyttehola. (Foto: Magne Brekke)

Snøfallet dei siste dagane har ført til flotte forhold for skigåing  i Hyttehola, lysløypa til Sunnylven IL.

Det er no knapt ein meter snø i Hyttehola ved Tronstad i Sunnylven. Om verforholda ikkje endrar seg vesentleg vil det bli oppkøyrde løyper visse dagar både i romjula og seinare, opplyser skigruppa i Sunnylven IL.

I fyrste omgang gjeld det desse dagane og tidene for preparering.

Måndag og torsdag, ferdig oppkøyrde løyper til kl. 18.00, laurdag og søndag til kl. 11.00. Fredag 26. desember (andre juledag) blir løypene i Hyttehola preparert, både for klassisk og fristil

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380