Teikne Jokernissen

Svein Sporstøl har fått inn fleire julenisseteikningar alt.

Svein Sporstøl har fått inn fleire julenisseteikningar alt.

Ved Joker avd. Hellesylt utfordrar dei no alle born til og med 7. klasse til å teikne Jokernissen.

Frist for innlevering av teikning av Jokernissen er lille julaftan, men alt fleire dagar før er det kome inn mange fargeglade forslag.

Jokernissen er tydeleg vis populær. Ikkje mindre populær blir han i dagane som kjem. Alle som leverer teikningar, same kor små eller store, flotte eller ikkje teikningane er så blir det premie ved innlevering i kassa, seier Svein Sporstøl ved Joker.

Men husk fristen som er lille julaftan før kl. 18.00. Til slutt blir det trekt to vinnarar mellom alle som har levert bidrag. Dei får ei fin overrasking, seier Sporstøl.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380