Vedtok nye ordensforskrifter for hamner

Geiranger

Stranda kommunestyre vedtok på møtet 11. desember ordensforskrifter for kommunen sine hamneområde. Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2015.

 I forskrifta er det bestemmelsar om orden i og bruk av hamner og farvatn for å ivareta effektiv og sikker hamneverksemd, og med det god framkomst, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet.

Forskrifta gjeld offentlege og private hamner og sjøområde i Stranda kommune. Den har retningsliner for korleis båtar og båtførarar skal manøvrere i hamneområde og om eventuelle utslepp. Kommunen kan forby vedlikehaldsarbeid om det hindrar anne verksemd i hamneområdet.

Forskrifta er i fleire punkt og omtalar taubåtassistanse, forsvarleg fortøying, oppankring og flytting. Vidare heiter det at den som forårsakar skade på hamn, hamneanlegg eller innreiingar har plikt om å varsle om dette til kommunen.

Eventuell dykking i området ved Hellesylt kai, området ved flytebøye Hellesylt, ved Geiranger kai, Geiranger cruiseterminal og Seawalk krev løyve frå kommunen. Vidare gjeld same bestemmelse for området oppgitt på kart som ankerposisjon frå Grande og Homlong inn til Geiranger sentrum. Dykking for å berge liv eller verdiar er tillatt.

I forskriftene er det også teke med eit punkt som omhandlar tøming av snø i sjøen. Det er ikkje tillatt ved Geiranger kai, Hellesylt kai, Hellesylt ferjekai eller ved Stranda kai.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380