Lokalnytt

Velsmakande frå Ole Ringdal AS

Røykt pinnekjøtt av lam, pent og innbydande.
Røykt pinnekjøtt av lam, pent og innbydande.

I ein smakstest av pinnekjøtt fekk Ringdal røykt pinnekjøtt av lam terningkast fem.


Hos Ole Ringdal AS kimer det i telefonen. Det er nye kundar som stadig prøver å sikre seg julemat frå kjøttvaregiganten på Hellesylt.

-Det har vore voldsomt til etterspørsel, slår dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fast. Kvar dag blir store bilar lasta med julemat av alle slag til både daglegvarekjeder og privatpersonar.
Aller størst sal har det vore av pinnekjøtt og kokt mør. Sistnemde produkt vann gull i NM kjøttvarer i 2012 og oppskrifta er den same. Det er fortsatt gullkvalitet over kokmøren, seier Ringdal.

Pent og innbydande
Men den 75 år gamle kjøttvarebedrifta har fleire populære produkt. Eitt av dei har blitt røykt pinnekjøtt av lam som fekk terningkast fem i ein mattest nyleg. Her skriv testpanelet mellom anna;
-Totalopplevelsen er at dette er et meget velsmakende røkt pinnekjøtt. Det har også en pen og innbydende utseende-.

Fyrer med flis
Røykt pinnekjøtt av lam har blitt produsert tidlegare ved Ole Ringdal AS, men i haust har salet teke av meir enn nokon gong.
-Vi får stadig mailar og nesten sinte telefonar frå folk som ikkje får tak i produkta våre, mellom anna i Trøndelag. Der er vi ikkje representert i motsetning til tidlegare.
Røykt pinnekjøtt blir produsert av lam frå bønder i nærområdet.
Ringdal viser oss røykeomnen i bedrifta som nærmast er ei grue Der blir det fyrt med flis av bøk som gjev ein god, avrunda røyksmak. Kor lenge lammesidene blir røykte vil han ha for seg sjølv.

Også gris og storfe
Salet av røykt pinnekjøtt har auka mykje, men det urøykte dominerer fortsatt. Det går på tonn når dagleg leiar fortel kor mykje som blir sendt ut no før jul og over storparten av landet.
Men han kunne tenkt seg meir råstoff å produsere av.
-Vi skulle gjerne hatt meir av både storfe og gris. Det går mykje også av svineribbe, men grisen har berre to sider. Og tilgangen på storfe er mindre på grunn av formangel og stor nedslakting i fjor.
Vi kan ikkje slakte dyr to gonger, bønder sluttar og rovdyr tek sitt. Men vi har mykje julemat på lager, så alle skal nok få det dei ønskjer, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal før han må svare på neste telefon.

Tilsett ved Ole Ringdal AS Vidar Even Leite gjer klar for oppfyring i røykomnen
Tilsett ved Ole Ringdal AS Vidar Even Leite gjer klar for oppfyring i røykomnen
Dagleg leiar Ole A. Ringdal t.h. og medarbeidar Vidar Even Leite med ferdige røykte produkt.
Dagleg leiar Ole A. Ringdal t.h. og medarbeidar Vidar Even Leite med ferdige røykte produkt.
Palle på palle med røykt pinnekjøtt av lam, ferdig for utsending.
Palle på palle med røykt pinnekjøtt av lam, ferdig for utsending.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Velsmakande frå Ole Ringdal AS

Kommentarfeltet er stengt