Lokalnytt

Verdata ved Tryggestad

Litlebø Kraftverk
Litlebø Kraftverk

I nærleiken av Litlebø Kraftverk på Tryggestad i Sunnylven er rigga ein verstasjon som måler nedbør, temperatur og vind.

Tryggestad kraft AS leverer ikkje berre energi, der blir også verdata i området registrert. Grunna dårleg internettilgang ved Tryggestad er ikkje verstasjonen alltid oppdatert med data til rett tid, står det å lese på Tryggestad Kraft AS si nettside. Det håper selskapet vil rette seg.

Stasjonen registrerer nedbør i området, både i døgnet, siste månad og for heile året. I tillegg blir det lese av temperatur, luftråme, barometerstand, vindretning og vindstyrke.

Nettstaden hellesylt.info har lenke til Tryggestad Kraft AS og verstasjonen. Data der i frå kan ein lese av ved å gå til Eksterne lenker, og deretter klikke på Tryggestad Kraft AS.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380