Lokalnytt

Verstasjon i Kjellstadli

Ved den nye verstasjonen blir alle verforhold i Kjellstadli i Sunnylven registrert.
Ved den nye verstasjonen blir alle verforhold i Kjellstadli i Sunnylven registrert.

I haust har Statens Vegvesen sett opp ein verstasjon med utstyr som måler temperatur, vind og nedbør nær fylkesgrensa i Kjellstadli.

Stålmastra i Kjellstadli er reist av Statens Vegvesen nyleg. Der er det montert utstyr som registrerer alt kring verforhold på staden, vind og temperatur, og i tillegg er det montert eit veb-kamera, fortel Kåre Berge i Statens Vegvesen.

Det er Statens Vegvesen som driv denne og fleire andre verstasjonar. Data frå slike er til nytte både for brøytemannskap vinterstid og for andre vegfarande.

Verstasjonen i Kjellstadli i Sunnylven er så ny at ikkje alt utstyr er montert enno. Veb-kameraet er heller ikkje i drift enno, men det vil kome snart.
Då kan alle gå til Statens Vegvesen sine sider og leite seg fram til veb-kamera Kjellstadli, seier Kåre Berge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380