LokalnyttLokalsport

Deltok i Norgescup i Orkdal

Inga Elise Vik skaut godt og kom i mål til 9. plass på sprinten. (Foto: Rune Tryggestad)
Inga Elise Vik skaut godt og kom i mål til 9. plass på sprinten. (Foto: Rune Tryggestad)

I helga var det NC-cup skiskyting i Orkdal.

Det var varierande verforhold under Norgescup i skiskyting i Orkdal i helga, frå klart og stille til snøbyger og sterk vind. Laurdag var det fellesstart og søndag sprint.

Sunnylven IL deltok med to løparar. Inga Elise Vik gjekk godt under sprinten søndag. Ho kom i mål til ein sterk 9. plass etter 3 tillegg, knappe tre minutt etter vinnar Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IL. På fellesstarten laurdag vart det 22. plass på Inga Elise Vik som deltek i kvinner 19 år.

Trygve Aaland Tryggestad fekk 6 tillegg på fellesstart laurdag (1-1-2-2). Det vart 47. plass, 6.55.3 bak vinnar Fredrik Mack Rørvik, Målselv som skaut til berre 1 tillegg.

Søndag kom Trygve Aaland Tryggestad i mål til 42. plass på sprint med 1 tillegg i menn 20, ei av dei største klassene under cupen.

 

Trygve Aaland Tryggestad t.v. saman med Isak Flo Bødal, Stårheim IL og Johan Erik Meland, Markane IL. (Foto: Rune Tryggestad)
Trygve Aaland Tryggestad t.v. saman med Isak Flo Bødal, Stårheim IL og Johan Erik Meland, Markane IL. (Foto: Rune Tryggestad)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380