Lokalnytt

Besøksrekord for nettstad

Nettstaden 1

Det vart ny besøksrekord på nettstaden hellesylt.info i helga med 1717 treff.

I løpet av 24 timar søndag vart det registrert heile 1717 nettbesøk. Fleire artiklar både nye og eldre viste seg å vere av interesse, men spesielt sportsresultat av Sunnylven IL sine mange unge dyktige utøvarar var populært. Også nyheiter om HUL og badestranda vart mykje lese. Tidlegare bestenoteringa var frå 11. januar med 1649 nettbesøk.

Hellesylt.info, som har som viktigaste formål å presentere nyhende og informer om lag, foreiningar og frå næringslivet på Hellesylt og i Sunnylven, kom på «lufta» 15. desember i fjor. Frå då og fram til og med 25. januar er det registrert 39.468 treff på nettstaden. Eit antall vi synest er imponerande og som viser at mange har glede og nytte av den lokale informasjonskanalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380