Betre internettilgang dreg ut

Breiband

Deler av Sunnylven har hatt elendig internettilgang etter at sendaren på Geitfjellet vart ramma av lynnedslag i fjor sommar.

Ei reserveløysing med svært lav effekt har forsynt kundar i Sunnylvsbygda og Langedalen, ei løysing som nær har vore ubrukeleg for dei fleste. Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal har kommunisert med internettleverandøren breiband.no. Der i frå har det kome mange håper-svar.

På e-post i desember var lovnad frå breiband.no at 29.desember skulle heile nettet på Hellesylt bli kopla til fiberkabel og selskapet sine kundar skulle få mangedobla kapasitet. Slik gjekk det ikkje, datoen var feil, skriv breiband.no i ny e-post.

Etter ein del korespondanse har næringssjefen motteke denne e-posten frå breiband.no datert 8. januar.

-Telenor sin entreprenør ventar på materiell og vil montere så snart det ankommer Ålesund. Entreprenør har lovet å varsle oss når de er klare. Vi har bedt Telenor om en forhåndsgodkjenning, slik at vi kan montere umiddelbart etter at stasjonen er klargjort.-

Som ein forstår jobbar internettleverandøren med å få til ei løysing. Når det blir klart er framleis noko usikkert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380