Rundt juletider kom ein båt og ankra opp i småbåthamna på Hellesylt. Vedkomande eigar hadde ikkje båtplass.
Framleis ligg den kvite fritidsbåten i småbåthamna på Hellesylt, men eigaren, ein utanlandsk person har ikkje vist seg. Det var billegare båtplass på Hellesylt enn på Stranda så difor valde han å ankre opp på Hellesylt, har han forklara.
Leiar i Hellesylt småbåtlag, Frank Bonsaksen er blitt gjort kjent med at det er kome ein ny båt i småbåthamna, men kjenner ikkje til at vedkomande har søkt og fått båtplass. Småbåthamna på Hellesylt er fulltinga av båteigarar med faste plassar, men hamna har 4-5 gjesteplassar, seier han.
Det blir nok stadig fleire slike som tek seg til rette. Kva vi skal gjere vil vi diskutere på neste styremøte, seier Bonsaksen.
