Flotte vinterdagar
Som mykje av vest-Norge har Sunnylven strålande vinterdagar. Slik skal det også vare nokre dagar til, lovar vermeldinga.
Etter ein periode med uroleg ver med mykje vind og regn fyrst i januar har høgtrykk gjeve stabilt, kaldt vinterver. Også sola er tilbake og sender varme strålar der ikkje høge fjell står i vegen.
Med klårver kjem kuldegrader denne årstida. I Sunnylvsbygda var kvikksølvet ned mot 10- 12 minus sist natt, og i Strand ved Tronstad registrerte Geir Støverstein 18,0 minus tysdag morgon. Det er likevel ikkje det kaldaste denne vinteren, for 1. juledag viste målaren 20.5 kalde blå, fortel han.