Geir Frøysa ny leiar i HUL
Etter mange år som leiar i Hellesylt Ungdomslag ønska Marianne Fivelstad avløysing. På årsmøtet fredag tok Geir Frøysa over.
Etter fleire år med styreverv i Hellesylt Ungdomslag vart Marianne Fivelstad valt til leiar i hovedstyre i 2007. Vervet har ho hatt heilt fram til årsmøtet fredag berre avbrote av eit år på skule i Trondheim.
No ønska ho avløysing, det gjekk på motivasjonen laust, sa ho, for Marianne er aktivt med også på andre områder på fritida. Som mange gonger tidlegare har ho hatt store roller i HUL-teatret sine skodespel, siste i «Kona eller livet», ei komedie den driftige teatergjengen har vist både i heimbygda og i Storfjord Kulturhus på Stranda. I slutten av januar blir det ny framsyning på Sunnylven samfunnshus.
Den tidlegare HUL-leiaren har også vore aktivt med i Barnelaget og leikarringen, og ho var med i komiteen som fekk gjennomført nye vellukka Sommardagar på Hellesylt i fjor. Snart blir det nye planleggingsmøter for Marianne og resten av gjengen framfor årets Sommardagar 3. til 5. juli.
-Det har vore kjekt å fylle fritida med noko fornuftig. Det meinar eg at lagsarbeid og ikkje minst jobbing i Ungdomslaget er. Eg sa at eg skulle halde fram til stupetårnet på badestranda var på plass. I sommar kom de opp så då kan eg gå ut av styret med god samvittigheit. No ønska eg ein pause, og om eg kjem tilbake i leiarverv i HUL seinare, det får vi sjå, sa avtroppande leiar i Hellesylt Ungdomslag, Marianne Fivelstad.
Val: Hovedstyret.
Geir Frøysa, leiar, Ole Hjalmar Bonsaksen (ny), Hilde Malene Røyrhus (ny), Ellinor Fivelstad, Oddbjørg Stadheim.
Vara: Margretha Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Stadheim.
Barnelaget: Wenche Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Solveig Førde (ny).
Badehusstyret: Asle Ringdal, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke, Even Andre Bjørneset (ny).
Teatergruppa: Randi Sæter (ny),Kristin Storstein, Per Amund Frøysa (ny), Inghild Storstein, Peder Rune Tronstad (ny).
Valnemnd: Egil Røyrhus, Knut Dag Langeland.