Gjekk Marcialonga

Knut Anders Hatlen. (Arkivfoto)

Knut Anders Hatlen. (Arkivfoto)

Stranda IL sin gode langrennsløpar, Knut Anders Hatlen var på tur i helga og gjekk Marcialonga.

Det klassiske tur -og langløpet Marcialonga i Italia gjekk på søndag med fleire tusen til start. Mellom dei var milslukar Knut Anders Hatlen. Strandaren som årleg er mellom deltakarane i Hellesyltløpet, har til dagleg opphald i Trondheim. Han likar dei lange løpa, for både Birkebeinarrennet og Vasaloppet gjer han unna mellom dei beste. Søndag vart det ein sterk 83. plass og sluttid 2.20.09.1. Vinnar av årets Marcialonga vart Tord Asle Gjerdalen på 2.05.15.8, føre Anders Aukland og Øystein Pettersen.

Grunna snømangel var årets renn korta ned med 1.3 mil til 57 km.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380