Godt år for Hellesylt Ungdomslag

Frå styrebordet under årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag.

Frå styrebordet under årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag.

Hellesylt Ungdomslag er eit aktivt lag og driv godt. Det viser fyldige årsmeldingar og solide rekneskapstal.

Hellesylt Ungdomslag har halde årsmøte og vedteke samrøystes både årsmeldingar og rekneskap. Også vala kom på plass med Geir Frøysa som ny leiar, etter Marianne Fivelstad som ikkje ønska attval.

Årsmelding hovedstyre

Hellesylt Ungdomslag har 118 medlemer. Årsmeldinga fortel om eit nytt, innhaldsrikt år med teater, grendakveld, deltaking i «Kven veit», aktiv deltaking i Sommardagar på Hellesylt med gjennom føring av både kyrkjekonsert med artisten Elisabeth Andreassen og andesleppet i Hellesyltfossen.

Ut på hausten arrangerte laget eit mykje etterspurt swingkurs der 20 danseglade deltok, og med «oppfrisking» av dansetrinna nokre veker seinare.

I bladet «Jul på Sunnmøre var ein artikkel å lese om Badehuset og det nye stupetårnet som kom på plass midt på sommaren.

2014 starta med teaterframsyning og slutta med skodespelet «Kona eller livet». 225 tilskodarar var sessa i Sunnylven samfunnshus fjerde juledag for å sjå komedia, og der Kjetil Grodås spela til dansen etter framsyninga.

Årsmelding frå badehusstyre

Under ein «folkefest søndag 29. juni kom det elleve meter høge stupetårnet på plass på badestranda. Det var starten på ein fantastisk sommar i sjøen kring badehuset. Vi trur det aldri har vore så mange besøkjande på badestranda som dette året, skriv badehusstyre i si årsmelding.

Etter ein del diskusjon om fargeval, vart badehuset måla utvendig på dugnad i 2014. Bygging av nytt stupetårn og få det frakta på plass kosta eigaren Hellesylt Ungdomslag mykje. Laget har brukt mykje av eigen kapital og fått gåver og tilskot, mellom anna frå Sparebanken Møre.

-Det er med stor glede vi ser at ein ny badekultur har starta på Hellesylt; «isbading», heiter det i årsmeldinga frå badenemda. Ein gjeng spreke damer har bada i sjøen ved badehuset heile hausten og vinteren til no. Det resulterte i eit nytt tilbod frå Hellesylt Ungdomslag, nemleg «solsnubading» 21. desember kl. 17.00. Heile 16 unge og eldre bada i sjøen der temperaturen viste 10.0 plussgrader.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380