Gull og sølv i VM
Trygve Aaland Tryggestad og Inga Elise Vik gjekk til gull og sølv under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting sprint laurdag.
Volda TIL skiskyting stod som arrangør av Vestlansmeisterskapen 2015. Det var det fyrste store arrangementet i det nye skiskyttaranlegget ved skisenteret på Reset. Den fyrste dagen av meisterskapen vart greitt avvikla. Frå Live resultatservice har vi henta desse resultata.
Sunnylven IL hadde meldt på 12 løparar. Tre av dei stilte ikkje til start på sprinten laurdag der det vart edelt metall til Trygve Aaland Tryggestad og Inga Elise Vik.
Trygve som går i menn 20/21 fekk tre tillegg på skyting (1-2) og sluttid 31.39.
Også Inga Elise i kvinner 19 år skaut på seg tre tillegg (1-2). Ho var berre 13 sek. Etter vinnaren i klassa Silje Fjærestad Hønsi, Vik IL. Det var lite deltaking i dei eldste klassene.
Andre resultat for Sunnylven IL sine deltakarar:
Jenter 16 år. Nr. 6. Emilie Brekke 16.18 (1-1), 2.32 bak vinnar Hilde Fosse, Voss SSL
Gutar 13 år. Nr. 8. Markus Norangshol (3-3)
Gutar 12 år. Nr. 5 Ruben Støverstein (1-1), 40 sek bak vinnar John Erlen Bø, Markane IL
Gutar 11 år. Nr. 4. Emil Norangshol (3-4)
Jenter 10 år, yngre nybyrjarar. Her var Sofie Støverstein mellom dei beste med stor fart i løypa og god skyting (0-1).
Stor fart hadde også Elias Helset i klasse Gutar 10 år g yngre nybyrjarar. Også han var mellom dei beste og skaut feilfritt (0-0)
Søndag er det normalprogram under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting.