Inga Elise Vik frå Sunnylven/Stranda til Stryn

 Elise Vik har meldt overgang frå Sunnylven/Stranda til Stryn.

Elise Vik har meldt overgang frå Sunnylven/Stranda til Stryn.

 

Stryn fotball har sikra seg gode Inga Elise Vik som ny spelar framfor 2015-sesongen.

Inga Elise kjem frå Hellesylt og har spela for Sunnylven/Stranda i 3.div Sunnmøre siste åra. No går ho på Stryn vidaregåande skule og er såleis godt kjent i miljøet rundt damelaget i Stryn, skriv Stryn fotball på si nettside.

18-åringen er ein hurtig og løpssterk midtbanespelar, som kan nyttast både sentralt og på kanten. Inga Elise Vik er ein allsidig idrettsutøvar og er også ein veldig god skiskyttar.

Stryn fotball er glade for å ha sikra seg Inga Elise Vik som ny spelar og ynskjer henne hjerteleg velkomen på damelaget i 2015.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380