Juletrefest for dei yngste
Mange unge saman med foreldre tok del då foreldreforeninga ved Sunnylven Barnehage skipa til den årlege juletrefesten søndag
Juletrefest med nissebesøk er alltid noko dei unge i Sunnylven Barnehage gleda seg til. Søndag var det klart for den årvisse tilskipinga med song og gong kring juletreet, litt program, servering og besøk av sjølvaste julenissen.
Festen i Sunnylven samfunnshus opna med program. Silje Stadheim hadde laga ei forteljing om «Helge Fiskebarn», også med fleire songar som vart framført frå scena saman med Tonje, Sune, Linus og Emil.
Etter kaker og god drikke var det tid for rundar kring juletreet. Spesielt lystig og høgstemt vart det under «Så går vi rundt om en enebærbusk». Det fint pynta treet som lyste i storsalen og vart tiljubla i songen var ei furu.
Og så kom julenissen, ein blid kar i sin finaste stas og med ein stor sekk på ryggen. Det vart godteposar til alle, ja så mange gåver hadde han at også dei vaksne fekk kvar sin. Det var ein snill julenisse det!