Kjøp parkeringskort og bruk skianlegget
Skianlegget i Hyttehola har masse snø og preparerte løyper fleire dagar i veka.
Sunnylven IL har opparbeidd eit flott skianlegg i Hyttehola ved Tronstad. Her er lagt til rette både for langrenn og skiskyting, og med ein stor parkeringsplass. Fleire dagar i veka blir det preparert løyper på dugnad, men som kostar. Mange kroner går med til straum, vedlikehald og drivstoff til trakkemaskin og skuter og til brøyting av parkeringsplass ved anlegget.
For å dekke deler av desse utgiftene ber idrottslaget om at brukarar av anlegget kjøper parkeringskort. Eit sesongkort er bestemt å koste 400.- kroner. Eit kort for parkering berre under dei fem cuprenna kostar 150.- kroner.
Sunnylven Idrottslag ber alle som parkerer for å nytte skianlegget om å betale parkeringsavgift til laget sin konto i Sparebanken Møre Hellesylt. Der får ein eit parkeringskort som heile familien kan nytte og som ein legg synleg i bilen.
Garasje til trakkemaskin
Sunnylven Idrottslag eig ei stor, nesten ny og god trakkemaskin til preparering av løyper. Diverre manglar laget ein garasje til maskina som dermed står ute sommar som vinter. Det må vel gjerast noko med snart. Det kan bli dyrt å ikkje skaffe husrom til maskina som alle forventar skal fungere og lage gode spor både i lysløypa , i Langøylia, på Liamyrane, til Terdalen.
I Hyttehola blir det preparert løyper måndag, tysdag, torsdag, laurdag og søndag. Bruk skianlegget er oppmodinga frå idrettslaget.