Klart for Sunnylvscup i langrenn

Masse snø og flotte forhold i lysløypa i Hyttehola. (Arkivfoto)

Masse snø og flotte forhold i lysløypa i Hyttehola. (Arkivfoto)

Mange gledar seg til at Sunnylvscup på ski startar. I morgon skjer det.

Det er kome masse snø i Hyttehola, skianlegget ved Tronstad. Der har skigruppa alt klart til Sunnylvscup i morgon onsdag med nytrakka løyper for alle årsklasser, og med kiosk i klubbhuset og sal av mellom anna nysteikte vafler.

Fem renn

Sunnylvscup på ski består av fem renn der det vekslar mellom fristil og klassisk og der deltaking i minst tre renn gjev premie. Startkontingenten for deltaking i alle er 100.- kroner. Skigruppa bed om at dette vert betalt ved start i det fyrste rennet ein deltek i.

Sunnylvscup på ski har alltid hatt stor deltaking i dei yngste klassene, men også for junior og senior er det høve til å delta både med og utan tidtaking.

Rennet onsdag startar kl. 17.30 og går i fristil med klassevis fellesstart. Sjå aktivitetskalender.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380