Lokalnytt

«Kom deg ut-dagen» søndag

Sunnylven IL har preparert fleire kilometer med flotte tur -og langrennsløyper. Her frå området i Kjellstadli. (Foto: Knut Dag Langeland)
Sunnylven IL har preparert fleire kilometer med flotte tur -og langrennsløyper. Her frå området i Kjellstadli. (Foto: Knut Dag Langeland)

«Kom deg ut-dagen» er sett som namn på søndag 1. februar.

Fleire stader er det organiserte uteaktivitetar som unge og eldre kan delta i på søndag. I Sunnylven kan «kom deg ut-dagen» brukast i dei flotte langrenn –og turløyper som idrettslaget kan by på.

Laurdag var løypemannskap i sving med trakkemaskina fleire timar og preparerte løyper både for klassisk og skøyting i Hyttehola, på flatene frå parkeringsplassen til Røyrhusvegen, i området Kjellstadli til Kjellstaddalen, og på Liamyrane og til Terdalen.

Vi har testa ein del av det lange løypenettet og vi kan anbefale ein skitur der på «kom deg ut-dagen».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380