13. juli 2026

Kort frå ide til produkt ved Hellesylt-bedrift

Knut Arne Leite ved ei av dei tre store vakuumformingsmaskinene som Formvac har.
Knut Arne Leite ved ei av dei tre store vakuumformingsmaskinene som Formvac har.

AS Formvac på Hellesylt er ei høgteknologisk bedrift som produserer vakuumforma produkt av plast. Varespekteret er stort og nesten ubegrensa.

Det blir mange faguttrykk og tekniske detaljer når vi stikk innom kontoret til dagleg leiar ved AS Formvac Kjell Opsvik, ein arbeidstad der datateknologi har revolusjonert produksjonen av vakuumforma produkt av plast.

Betydeleg arbeidsplass

Formvac er den tredje største industribedrifta på Hellesylt med 14 tilsette og ei omsetning i fjor på 16. mill. kroner. I 1959 starta AS Formvac opp med produksjon av penneskåler og stempelhaldarar i plast. I dag er bedrifta på Hellesylt storprodusent av alt som kan vakuumformast av polystyren, acryl og andre materialer av plast.

Resirkulerer avfall

Forretningsideen vår er å gje industri ein kompetent samarbeidspartnar i utvikling og vakuumforma plastkomponentar. I produksjonen blir plastplater plassert i ei vakuumformingsmaskin, varma opp og forma ved hjelp av vakuum over ei form. Etter forming blir produktet reinskore i ein datastyrt CNC-fres. Restane frå reinskjeringa blir kverna opp til granulat og sendt for gjenvinning til nye plastplater. Ingen ting blir kasta i naturen, faktisk er det kundar som spør etter å få laga varer av resirkulert materiale, fortell Opsvik,

Formene til produksjonen blir bygde ved bedrifta sin eigen verkstad eller kunden leverer dei sjølve. Å lage ei form er rimeleg så vi kan forsvare å produsere både små og mellomstore seriar av ei vare, seier Opsvik.

Lang produktliste

Når dagleg leiar ramsar opp dei mange vareslaga som blir produsert ved bedrifta blir lista lang. Frå oppstarten for 55 år sidan har det blitt nytta 3500 former, ei form til kvart produktslag.

Produktspekteret er i dag mellom anna interiør til bilar, bussar og båtar, ting til fiskeoppdrettsanlegg, displayutstyr til varehandelen og komponentar til møbel og oljeindustrien. Skuffer til skåp har vore ein artikkel i alle år, deksel til sveiseapparat, bakplate og pumpedeksel til Jets vakuumtoalett, og lampeskjermar i fleire fargar for Glamox sine bedrifter i Norge, Sverige og Estland. Det er berre litt av det som blir pakka og sendt ut dørene ved AS Formvac på Hellesylt.

Det er kort tid frå ide til ferdig produkt, det er berre fantasien som set grenser for kva vi kan lage, seier dagleg leiar Kjell Opsvik.

Formvac 2

Sondre Vågsæter kan ta ut av maskina eit ferdig utfresa bakstykke til eit Jets vakuumtoalett.
Sondre Vågsæter kan ta ut av maskina eit ferdig utfresa bakstykke til eit Jets vakuumtoalett.
NIna Øye Hole har jobba ved Formvac i 14 år. Her med ein lampeskjerm for Glamox.
NIna Øye Hole har jobba ved Formvac i 14 år. Her med ein lampeskjerm for Glamox.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →