Krill på badestranda

Keill, den vesle rekearten invaderte badestranda på Hellesylt (Foto: Astrid R. Ringdal)

Keill, den vesle rekearten invaderte badestranda på Hellesylt (Foto: Astrid R. Ringdal)

I etterkant av uveret «Nina» kom store mengder krill inn på badestranda på Hellesylt.

Måndag etter «Nina» var sanden på badestranda på Hellesylt raud av den vesle rekearten krill. Det vart mange festmåltid for måsar og andre fuglar i dagane etterpå.

Krill er ein lyskreps og er å finne i alle verdenshav. Den største og mest vanlege av 85 arter finn ein i norske farvatn, i følgje leksikon. Den blir om lag 5 – 6 cm. lang, opptrer i tette svermar i øvre lag av sjøen og gjer vatnet raudaktig på farge. Næringsmessig er krill fullt på høgde med andre marine -og proteinrike landbruksprodukt.

Slik såg sandstranda ut. (Foto: Astrid R. Ringdal)

Slik såg sandstranda ut. (Foto: Astrid R. Ringdal)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380