Lokalnytt

Kulturelt påfyll frå kulturskulen

Elevane frå kulturskulen var frå venstre: Rosalita, Anna, Iver og Christoffer.
Elevane frå kulturskulen var frå venstre: Rosalinda, Anna, Iver og Christoffer.

-Vi lever ikkje berre av å produsere energi, vi må også ha litt kulturelt påfyll av og til-.

Om lag slik ordla møteleiar Olav Hauso seg då han under småkraftseminaret ønska vel møtt til fire unge elevar frå Stranda kulturskule. Dei fire som alle trakterte blåseinstrument var Rosalinda Flø,   Anna Remme, Iver Grønningsæter Remme og Christoffer Flø. Saman med lærar Gunnar Inge Eide på piano spela dei to korte musikkstykke.

På vegne av arrangør Sparebanken Møre takka banksjef Stig Tryggestad så mykje for det flotte innslaget. Han trudde på ei fin karriere for dei fire om dei heldt fram å øve på instrumenta sine. Som takk til kulturskulen, elevar og lærar som stilte opp og bidrog med det kulturelle innslaget, lova han ei gåve på 3.000.- kroner frå Sparebanken Møre. Han håpa gåva ville bli til glede for kulturskulen på ein eller annan måte.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380